fbpx

Herborg Kråkevik i Edit Piafs fotspor – reis på tur med Herborg!

Herborg Kråkevik i Edit Piafs fotspor – reis på tur med Herborg!

I 2023 er det 60 år sidan Edith Piaf døydde, og over 100 000 franskmenn følgde ho på veg til gravlunden Père-Lachaise. I sitt korte liv hadde Piaf rørt millionar av menneske med sine sterke, men sårbare songar. Musikken hennar er ikkje gløymd, men når stadig nye generasjonar, og det kjem framleis filmar, musikalar og bøker om «Spurven» frå den fattige bydelen Belleville.

På denne turen kjem vi nærare innpå både mennesket og artisten Edith Piaf. Vi skal oppleve dei gamle, tradisjonsrike kafeane i Montmartre, Pigalle og Belleville der Piaf spelte, og vandre i gatene der ho tente sine første myntar som gatesongar.

Med på turen blir Herborg Kråkevik som har turnert med Piaf-forestilling, gitt ut albumet “Piaf og eg” og laga ein dokumentar om artisten for NRK. Herborg blir med oss på heile turen og held to minikonsertar med Piaf sine songar.

Bergens Tidende skriv dette om Kråkevik si Piaf-tolking: «Ikke fordi Herborg etterlikner den franske Spurven, men fordi hun tolker henne med sine egne følelser, sitt eget hjerte og sin egen stemme. Det blir ekte varer av slikt.»

Les mer og bestill reise her!